Villmarkslaurdag i Åseral 20. mai!

posted in: Aktuelt | 0
Åseral idrettslag, Åseral kommune og FLiR vil saman oppfordre til fysisk aktivitet og glede i naturen, både i kommunen- og andre stader i vårt vakre land. Denne dagen trur vi kan bidra til både inspirasjon og naturglede, for ung og gamal.

Arrangementet er støtta av Vest-Agder fylkeskommune.

Program, laudag 20.mai, 2017:

Kl 13:00-16:00: «UT Å GÅ»
Det blir fjelltur til Glypevarden med fjellgeita Tonje. Medan me på toppen nyt den makelause utsikta over bygda, vil eksperten Tonje læra oss god og velfungerande bålteknikk. Me møtast på Sosteli kl. 13.00. Veit du ikkje kvar Glypen er, kan du møte ved rådhuset i Kyrkjebygd kl.12:50. Dette er ein bratt tur i starten, og me går roleg i lag. Kle deg etter vêrforholda, og hugs sitjeunderlag. Fjellsko eller Gore-Tex joggesko er eit must. Turen passer for alle, og vil vare ca. 3 timar.
Ca Kl 16:30-18:00: «BLI KJENT MED FJELLET» og «TRADISJONSMAT»
Etter ein god fjelltur smakar det godt med mat. Det blir sal av herleg Åserals-jegergryte og ulik tradisjonsmat frå Åseral frå klokka 16.00-18.30.
Ca Kl 17:00-18:00: FLiR (Friluftsrådet for Lindesnesregionen) vil fortelje og inspirere
med informasjon om fjellturar, hytteturar og liknande i region Sør. Dei vil også halde eit lite «introkurs» om kva det er lurt å ha med seg på fjelltur, og korleis ein kan pakke sekken sin lurt. Har du lyst til å lære deg kart og kompass, vil det også bli moglegheit for det!
16:30-18:30 «Eventyrjentene»
(med mellom anna Tonje Blomseth) vil også gå kontinuerleg på kino-lerret inne på Minne, frå klokken 16.30-18.30, om ein vil trekkje seg litt tilbake og nyte ein god matbit i fred og ro, er det så absolutt mogleg.
 
Minnebua har turutstyr til sals: Butikken nede på Minne har diverse småting til sals, som turkoppar, turknivar og sitteunderlag. Det vil også bli sal av Aclima Ull-undertøy.
 
Tida før foredraget gir også ei flott anledning til å stifte nye kjennskap eller planlegge ein frisk tur.
 
Ca Kl 18.30-19.45: «BLI INSPIRERT av Tonje Blomseth»
Eit forrykande foredrag med Tonje Blomseth. Ho fortel om seg sjølv, villmarka og om det å følgje draumen, i staden for straumen. Dette vil du ikkje gå glipp av!
«Villmarkslaurdag i Åseral» er GRATIS for alle, og har ingen plassavgrensing- det er berre å møte opp!
 
Foredraget kl.18:30 kostar 100 kr og det er kun plass til 100 stk. Her blir det første mann til mølla med å reservere seg ein plass.
 
Påmelding foredrag:
Kristine Forgard, sms: 98471661 eller e-post: kristine@ovrebo.vgs.no
Tove Utengen, sms: 452 02 748 eller e-post: toveutengen@gmail.com